Velkomen!

Sist oppdatert 11. august 2003

OpenOffice.org 1.1 LESMEG-fil

For dei nyaste oppdateringane av denne LESMEG-fila, gå tilhttp://www.openoffice.org/welcome/readme.html

Kjære brukar

Denne fila inneheld viktig informasjon om dette programmet. Les denne informasjonen nøye før du byrjar arbeida med programmet.

OpenOffice.org-miljøet, som har stått for utviklinga av dette produktet, vil gjerne invitera deg til å delta som medlem. Som ny brukar kan du ta ein titt på OpenOffice.org-sida som er «http://no.openoffice.org/»Les òg avsnitta under om å verta med i OpenOffice.org-prosjektet.

Merknader om installasjon

Systemkrav:

Merk: Du treng administratorrettar for å installera programmet.
Merknad til Windows 98-brukarar: Dersom du vel å installera Java under installasjonen av OpenOffice.org, vil installasjonsprogrammet be deg om å starta programmet på nytt. Du bør anten ignorera denne meldinga eller opna installasjonsprogrammet for OpenOffice.org rett etter omstarten.

Vanskar med å starta OpenOffice.org (t.d. program som heng), så vel som problem med skjermvisinga kjem ofte av problem med skjermkortet. Dersom desse problema førekjem, prøv å oppdatera skjermkort-driveren eller prøv å bruka skjermkort-driveren som vart levert med operativsystemet ditt. Problem med å visa 3D-objekt kan ofte løysast ved å fjerna avkryssinga for «Bruk OpenGL» under «Verktøy - Innstillingar - Vis - 3D-vising».

Du kan installera OpenOffice.org 1.1 jamsides med ei eldre utgåve av OpenOffice.org. Dersom du seinare vel å avinstallera den gamle utgåva av OpenOffice.org, må du opna installasjonsprogrammet for den nye utgåva og velja «Reparer». Dette sikrar at den nye utgåva er rett registrert i systemet ditt.
Merk at den kan vera at «kopier»- og «lim inn» via utklippstavla mellom OpenOffice.org 1.0 og OpenOffice.org 1.1 ikkje verkar i OpenOffice.org-format. Dersom det skjer, vel «Rediger - Lim inn utval» og vel eit anna format enn OpenOffice.org, eller opna dokumentet direkte i OpenOffice.org 1.1.

Ver sikker på at du har nok tilgjengeleg minne i mellomlagringsmappa i operativsystemet ditt, og at du har lese-, skrive- og køyretilgjenge. Lukk alle andre program før du byrjar å installera.

Nettverksinstallasjon: Feil ved kall av OpenOffice.org Hurtigstart.

Dersom du får problem med å kalla OpenOffice.org Hurtigstart (t.d. ugyldig lenkje) når du startar systemet, kjem dette sannsynlegvis av at nettverksdisken der nettverksinstallasjonen er installert ikkje er tilgjengeleg.

Vanlegvis skjer dette når nettverksdiskane vert tilkopla av eit innloggingsskript, slik at kopling med nettverksdiskane vert oppretta parallelt med at programma i autostart-gruppa (der Hurtigstart vert starta frå) køyrer.

For å unngå dette problemet, bør nettverksdiskane koplast til via systemtenestene. Dersom dette ikkje er mogleg, kan lenkja som vert brukt til å kopla til Hurtigstart fjernast frå autostart-gruppa på systemet, eller du kan slå av Hurtigstart allereie ved installasjonen for arbeidsstasjonar. Dersom systemadministrator slo av Hurtigstart under nettverksinstallasjonen, kan ikkje Hurtigstart veljast av brukaren i ein seinare installasjon for arbeidsstasjonar.

Viktig informasjon om tilgjengeligheit.

På grunn av eit problem med «Java(TM) Access Bridge», må du setja lokalet i operativsystemet til anten «Amerikansk engelsk» eller «(EN-us)». Berre denne innstillinga let deg bruka program som «ZoomText». (Merk: Programmet «WindowEyes» verkar ikkje med OpenOffice.org, sidan det ikkje stør «Java Accessibility API».)«Java(TM) Access Bridge» som er installert med denne tidleg-tilgjengelege utgåva verkar ikkje skikkeleg med vanlege Java-program.

Ai Squared ZoomText 7.11

Dersom du vil bruka «Ai Squared ZoomText» med OpenOffice.org 1.1 treng du utgåve 7.11 eller høgre. Datoen for «Ai Squared ZoomText»-nedlastinga må vera etter 12. juni 2002 for å ha med alle nødvendige programforbetringar.

Endra skrifttypen i brukargrensesnittet

I OpenOffice.org kan du endra skrifttypen som vert brukt for skjermvising og utskrift med å byta han ut med ein annan skrifttype som er installert på systemet ditt. Dette kan du gjera med funksjonen for skriftbyte. Vel «Verktøy - Innstillingar - OpenOffice.org - Skriftbyte» for å bruka denne funksjonen.

For å endra skrifttypen i OpenOffice.org-brukargrensesnittet, må du erstatta standardskrifta «Andale Sans UI» med ein annan skrifttype og velja innstillinga «alltid» for denne erstatninga.

Sjå hjelpa i OpenOffice.org for ei detaljert forklaring av dialogvindauget.

Snøggtastar

Berre snøggtastar (tastekombinasjonar) som ikkje vert brukte i operativsystemet kan brukast i OpenOffice.org. Dersom ein tastekombinasjon i OpenOffice.org ikkje verkar som det står i hjelpetekstane, sjå om snøggtasten allreie er brukt av operativsystemet. For å løysa slike konfliktar, kan du endra tastetilordningane i operativsystemet ditt. Du kan òg endra nesten alle tastekombinasjonane i OpenOffice.org. For meir informasjon om dette emnet, sjå hjelpa i OpenOffice.org eller dokumentasjonen for operativsystemet ditt.

Problem med å senda dokument som e-post frå OpenOffice.org

Når du sender eit dokument via «Fil - Send - Dokument som e-post» eller «Dokument som PDF-vedlegg», kan du få problem (programkrasj eller heng). Dette kjem av systemfila «MAPI» (Messaging Application Programming Interface) som gjev problem i nokre filutgåver. Diverre kan ikkje problemet reduserast til visse utgåver av fila. For meir informasjon, gå til «http://www.microsoft.com» for å leita i Microsoft Knowledge Base etter «mapi.dll».

Bruka Info-Zip

OpenOffice.org bruker Info-ZIP for å laga og pakka ut OpenOffice-org-installasjonen, og for å pakka opp og ned XML-filformatet i OpenOffice.org. Info-ZIP-program (ZIP, UnZIP og andre verktøy) er gratis tilgjengelege, og kan brukast både i kjeldekode og som eit sjølvstendig program. Du finn dei på FTP-tenarar som «ftp.uu.net:/pub/archiving/zip/*».

Brukt / endra kjeldekode

Delar Copyright 1998, 1999 James Clark, delar copyright 1996, 1998 Netscape Communications Corporation.

Ver med!

OpenOffice.org-miljøet vil ha stor hjelp av di aktive deltaking i utviklinga dette viktige «open kjeldekode»-prosjektet.

Som ein brukar tek du allereie del i utviklinga av programpakka, og vi vil gjerne oppmoda deg om å vera enno meir aktivt med. For meir informasjon, sjå brukarsida: http://no.openoffice.org

Registrering

Ta deg tid til å fullføra den minimale produktregistreringa når du installerer programvara. Jamvel om registrering er velfritt, vil vi oppmoda deg om å registrera, sidan informasjonen gjer det mogleg for miljøet å laga ei enno betre programpakke og direkte ta hand om dei behova brukarane har. Gjennom personvernspolitikken, tek OpenOffice.org-miljøet alle førehandsreglar for å verna om dine personlege opplysningar. Dersom du gjekk glipp av registeringa når du installerte, kan du gå tilbake og registera kva tid som helst på:http://www.openoffice.org/welcome/registration-site.html

Brukarundersøking

Det er òg ei brukarundersøking på nettet som vi vil oppmoda deg om å fylla ut. Brukarundersøkinga hjelper OpenOffice.org til å snøggare heva standarden for neste generasjon kontorstøtte-programpakker. Gjennom personvernspolitikken tek OpenOffice.org-miljøet alle førehandsreglar for å verna om dine personlege data.

Meld frå om feil og manglar

På OpenOffice.org-nettsida finn du «IssueZilla», vår mekanisme for å melda frå om, spora og løysa feil og manglar. Vi oppmodar alle brukarar til å kjenna seg forplikta og velkomne til å melda frå om feil som oppstår på sin spesielle platform. Innrapportering av feil er eit av dei viktigaste tilskota brukarmiljøet kan gjera til utviklinga og forbetringa av programpakka.

Abonner

Her er nokre e-postlister for prosjektet (engelskspråklege) som du kan abonnera på:www.openoffice.org/mail_list.html

Ver med i eit eller fleire prosjekt

Du kan gjera mykje for prosjektet jamvel om du ikkje har noka erfaring med programutvikling og programmering. Ja, du ja!

Du vil finna prosjekt frå lokalisering, porting og gruppevare til tunge programmeringsprosjekt. Om du ikkje er ein utviklar, prøv dokumentasjons- eller marknadsføringsprosjektet. OpenOffice.org-marknadsføringsprosjektet bruker både «gerilja-teknikkar» og tradisjonelle marknadsføringsstrategiar for å marknadsføra programvare med open kjeldekode. Dette vert gjort over språk- og kulturgrenser, så du kan hjelpa berre ved å fortelja andre om denne programpakka.

Du kan hjelpa ved å verta med i «Marketing Communications & Information Network» her:http://marketing.openoffice.org/contacts.html der du kan tilby kommunikasjon med pressa, media, styresmakter, konsulentar, skular, Linux-brukargrupper og utviklarar i landet og nærmiljøet ditt.

Brukarstøtte

For å få hjelp med OpenOffice.org 1.1-programpakka, ta ein titt på arkiva for spørsmål som allereie har fått svar på users@openoffice.org-lista på:http://www.openoffice.org/mail_list.htmlAlternativt kan du senda inn spørsmåla til users@openoffice.org. Hugs å melda deg på lista for å få svar på e-post.

Sjå å på FAQ-delen som du finn i navigasjonslinja på venstre hand på OpenOffice.org-heimesida. Ofte stilte spørsmål finn du her.

Korleis koma i gang?

Den beste måten å byrja deltaka aktivt, er å melda seg på ei eller fleire e-postlister, liggja lågt ein stund og gradvis bruka postarkiva for å verta kjent med emna som har vore diskuterte sidan OpenOffice.org-kjeldekoden vart frigjeven i oktober 2000. Når du er trygg, treng du berre skriva ein e-post der du presenterer deg sjølv, og hoppa rett i det. Dersom du er vane med «open kjeldekode»-prosjekt, sjå på gjeremålslista vår og sjå om det er noko du kunne tenkja deg å hjelpa til med:www.openoffice.org/dev_docs/todos.html.

Vi vonar du trivst med å arbeida med den nye OpenOffice 1.1 og vert med oss!

OpenOffice.org-miljøet